Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal og Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Har fått nye postlister
Postlistene inneheld informasjon om alt frå søknadar om støtte til små prosjekt til heilt sentral informasjon om forhold i kommunen.
Vindafjord kommune har skrive ei sak om skiftet til ei ny og meir funksjonell postliste på si nettside. Kommunen skriv at den nye løysinga har søkemotorfunksjon, slik at ein kan søke på eit spesifikt ord, og få opp alle dokument som passar til skildringa. Ein kan også filtrera på dato, type sak, og på inngåande eller utgåande dokument. Vil ein sjå dokument frå politiske møte, hakar ein av for saksframlegg.