Per Fatland (H) hadde det størtste gliset på rådhuset i Ølen i kveld og Høgre er det største partiet i Vindafjord. Foto: Jon Edvardsen
Per Fatland (H) hadde det størtste gliset på rådhuset i Ølen i kveld og Høgre er det største partiet i Vindafjord.

Har det største smilet

Høgre er det største partiet i Vindafjord og Per Fatland (H) har det breiaste smilet.

Publisert Sist oppdatert

Han er ikkje i tvil om at Erna Solberg blir landets neste statsminister. Fatland var den einaste som kunne sleppe litt jubel laus då valresultatet var presentert på rådhuset i Ølen i kveld.

— Det er eit kjempeval for Høgre. Det må vere historisk at vi er det største partiet i Vindafjord. Utan tvil blir det regjeringsskifte, seier han.

Fatland trur den generelle valvinden slår ut i Vindafjord, og at veljarmassen er i endring.

Medan Høgre er den store valvinnaren i Vindafjord, er det derimot ein stor nedtur for Frp.

Her er oppslutninga i prosent i Vindafjord, og endringa frå stortingsvalet i 2009.

Ap 19.9 -1.8

SV 2.5 – 0,6

Sp 20.7 – 2.9

KrF 12.5 + 0.4

V 2.6 + 0.7

H 23.2 + 8.8

Frp 15.1 – 7.2

Powered by Labrador CMS