Håpar på Bjørgen-effekt
Arne Frøkedal Her er vindafjordingen i sving på isen i Baselga di Pine i Italia, […]
Her er vindafjordingen i sving på isen i Baselga di Pine i Italia, tusen meter over havet. Resultatmessig blei det ingen stor suksess, men astma og dårleg pust har prega løparen og mosjonisten sterkt den siste tida.
— Nå har eg vore hos lege og fått same astmamedisin som Marit Bjørgen, og håpar på ein positiv effekt, seier Trygve Hetland til Grannar.
Slo Hjallis
Han er ein av fleire i eit stort norsk skøytemiljø med godt vaksne løparar, som fartar rundt i Europa og Canada på veteranstemne. Trygve Hetland som er gymlærar ved Sola vidaregåande skule, slo Hjallis si tid på 1500 m på 2.20,2 med god margin (2.14,2,) som 59-åring.
— Eg tar ein ny sesong, og er klar for sykling og joggeturar når vinteren forsvinn, seier 61-åringen.
I sitt 14. VM for veteranar (Master-cup) på italiensk is, blei han nummer 15 av 26 deltakarar, og han var dermed blant dei 15 som fekk lov til å gå den lengste distansen, 5000 m. Totalt 191 deltakarar frå 17 nasjonar, av desse 41 frå Noreg, deltok i løpet som gjekk på utandørsbane.
Fartar rundt
— Ut frå den helsemessige situasjonen var dette eit greitt resultat for meg. Eg kjenner eg har mykje meir inne, men får det ikkje ut på grunn av astmaplagene som går ut over oksygenopptaket, seier Hetland.
Nordmannen med flest veteran-VM bak seg, har også delteke på stemne Hamar, Berlin, Arendal, Bergen og Erfurt i vinter. Dårleg isforforhold i Stavanger har ført til at det har blitt mange helgeturar.
Før VM konkurrerte han i Vikingskipet og gjekk stor 4-kamp (med desse resultata 500 m 47,85,5 000 m 8.35,64,1500 m 2.22,62 og 10000 m 17.56,35). I Master-cup i Berlin vann Hetland sin klasse (M60).