Blir lagt merke til. Ole Marthon Granberg regionvinnar i prestisjetung konkurranse for sin suksess på utvikling og sal av arbeidshanskar.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Hanskemannen» i rogalandsfinalen
Saman med leiarar frå byggebransjen og eit forlag er hanskemannen» frå Vindafjord blant dei seks nominerte til regionskåringa i EY Entrepreneur Of The Year i Rogaland.
EY, tidlegare Ernst & Young, kårar kvart år Noregs fremste vekstskaparar, som del av eit internasjonalt program i totalt 60 land. I oktober og november blir det gjennomført seks regionale kåringar, og frå heile landet går til saman tolv kandidatar vidare til den nasjonale finalen i Oslo 3. desember.
Den nasjonale vinnaren representerer deretter Noreg på den internasjonale finalen i Monaco sommaren 2019.