Halldor Ebne kjempar for å berga firmaet sitt Skånevikstrand Maskinstasjon. Eit av tiltaka er å selja tomta på Tongane for å frigjera kapitalFoto: Grethe Hopland Ravn
Halldor Ebne måtte i januar 2020 melda oppbod for Skånevikstrand Maskinstasjon AS etter å ha blitt svindla av mannen som nå er dømt i tingretten.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Røldal der Skånevikstrand maskinstasjon AS var engasjert i eit større hytteprosjekt. Tapet som var på mange millionar kroner, er knytt til bedrageritiltalen som kjem opp i Jæren tingrett til hausten. Arkivfoto

Han kjempar for å redda livsverket sitt

Halldor Ebne (53) gjer det som står i hans makt for å redda Skånevikstrand Maskinstasjon AS (SM) frå konkurs etter at ein mann brukte falske dokument for å få tilslag på 17 hyttetomter i Røldal.

Publisert Sist oppdatert

Halldor Ebne er både fortvila og frustrert over situasjonen han har hamna i med det store selskapet og arbeidsplassen, etter at ein mann 40-årsalderen busett i Stavangerområdet rett og slett har lurt Skånevikstrand Makinstasjon, bankar, og truleg andre, trill rundt med falske dokument som tilsynelatande tilseier at finansane var i orden. Dette har ført SM heilt på randa til konkurs. Politiadvokat i Sør-Vest politidistrikt, Rune Gjertsen, kan stadfesta at den anmeldte no er sikta i saka.

— Det heile starta i fjor vår. Då blei eg kontakta av meklaren vår i Eiendomsmegler A, som kunne informera meg om at ein investor var interessert i å kjøpa nesten heile området me hadde ute for sal i Røldal. Det første som slo meg var korleis han ville betala for tomtene, men eg fekk lovnad om at pengane skulle vera på konto enten rett før – eller rett etter sommarferien i 2018, seier Halldor Ebne.

17 tomter

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS