Ved hovudvegen nokre kilometer vest for Utbjoa står eit solid handlaga skilt i tre med innskrifta Smedsvik. Skiltet peikar ned mot ein stupbratt vegstubb som leier vegfarande ned mot sjøen til det som før i tida var ein husmannsplass med eit par dyr på båsen og smie i strandkanten. Ein imponerande port smidd i jern ynskjer velkomen inn på tunet til ekteparet Jenny Campbell ( 65) og Leif Magne Nordbø (66) som i dag steller det 30 mål store området.
Her på den idylliske eigedommen med eiga strandlinje, skogsområde og ein ti mål stor hage med vekstar både til nytte og hygge, har paret det som plomma i egget. Her kan dei vakna til lyden av fuglar som syng i tretoppane og humler som surrar i det fri.
— Det er så ufatteleg godt å koma her, seier Nordbø og nyt den fantastiske utsikta over fjord, fjell og hage frå kaffikroken på terrassen.