Grannar kårar Årets namn
Lokalavisa for Etne og Vindafjord kommunar går i gang med kåring av Årets namn 2009. […]
Lokalavisa for Etne og Vindafjord kommunar går i gang med kåring av Årets namn 2009. Me ynskjer hjelp av lesarane til å koma med forslag på kandidatar, og til å senda inn namn til redaksjonen med ei kort grunngjeving om kvifor vedkomande fortener å bli nominert.
I tillegg til forslag på folk frå dei to Grannar-kommunane som har markert seg sterkt i løpet av året, vil me gjerne ha inn namn på kvardagsheltar, folk som er superengasjerte, dugnadsgeneralar og andre eldsjeler.
Fjerde gong
Årets namn blir kåra for fjerde gong i regi av Grannar. Siste vinnar var Elise Tokheim (77) frå Sandeid. Det skjedde etter eit stort engasjement blant våre mange lesarar, i sterk konkurranse med andre gode kandidatar som Hans Haugland frå Ølensvåg og Brit Ohm i Nedre Vats.
Tokheim har markert seg gjennom mange år på ulike felt i samfunnet og lokalmiljøet, blant anna for Hogganvik Landsby, sanitetsforeininga, samfunnshuset og Kystkulturdagane.
Året før gjekk hotellsjef Inger Karin Larsen i Skånevik til topps for sitt engasjement i bluesbygda. Årets namn i 2006 blei Åse Handeland i Ølen etter å ha fronta eit eldreopprør mot planane om oppvarma mat til dei eldre.
Seks kandidatar
I tida fram til jul er det høve til å senda inn forslag dine forslag. Ein jury i redaksjonen vil deretter trekkjer ut seks kandidatar som lesarane vil få høve til å stemma på. Sjølve avrøystinga vil skje dei første vekene i januar. Me kjem attende til korleis dette skal gjennomførast.
Vinnaren vil få tildelt eit kunstverk, og skal elles heidrast i våre spalter og kanskje på annan vis.
Men nå ber me om forslag på kandidatar. Du kan senda inn forslag med grunngjeving til Grannar i brev (postboks 84, 5590 Etne), SMS (975 70 789), epost (redaksjon@grannar.no) eller ved å ringja til redaksjonen (53 77 11 00).
Hugs å merka med Årets namn 2009». Frist for å koma med forslag er 20. desember.
Redaktør Arne Frøkedal