Illustrasjon: Meteorologane på Twitter
Godvêret held fram ei veke til
Temperaturar på godt over 20 varmegrader ikkje dagleg kost i slutten av august. Og godvêret har ikkje tenkt å gi seg.
Som dette kartet lagt ut på Twitter av Meteorologisk institutt, viser, vil store deler av Sør-Noreg ha temperaturar på mellom 20 og 26 varmegrader i dag, onsdag kl. 15.
Grannar-distriktet har ikkje same varmen denne dagen som dei siste dagane, men sola har stort sett skine kvar dag. Sundag var varmast med 22,8 grader i Etne og 21,6 grader i Vats, begge målt på dei offisielle målestasjonane. Etne var med denne temperaturen blant landets tre varmaste stader denne dagen, 22. august.