Det er registrert ein oppgang i rype- og skogsfuglbestanden i store delar av landet, viser nye tal. Det lovar godt for jakta.
Foto: Erik Veigård / NTB/ NPK
Gode nyheiter for fuglejegerane
NPK-NTB: Det er registrert ein uvanleg oppgang i rype- og skogsfuglbestanden i store delar av landet, ifølgje Statskog. Det er gode nyheiter for fuglejegerane i landet.
Statskog har no gjennomført taksering langs 1.800 kilometer i jaktområda sine.
— Ein del stader er tettleiken av rype og skogsfugl uvanleg høg. Dette er gledelege tal, seier fagsjef for jakt og fiske i Statskog, Jo Inge Breisjøberget.
I 2019 stengde Statskog mange område for jakt etter dårlege takseringsresultat. I fjor var det derimot eit oppsving i fuglebestandane, og den positive trenden har halde fram inn i 2021. Takseringsresultata blir brukte aktivt for å sikre eit berekraftig jakttrykk.
Med få unntak, viser rypetakseringa stabil eller stigande rypebestand. Best utvikling er det i dei austlege strøka for heile landet – mellom anna blir det vist eit oppsving i Indre Troms, etter fleire år med svært dårlege tal. Også rypeområda i Sør-Noreg viser meir positive tal enn på mange år.
Område som skil seg negativt ut frå trenden er spesielt ytre strøk i Troms, mellom anna Senja.
I sesongen 2019–2020 vart det i Noreg totalt felt 149.300 ryper, 6.700 storfugl og 13.940 orrfugl. Fellingstal for fjorårets fuglejakt er ikkje publisert.