Olalia sundag. Lite snø, men gode forhold for ein rusletur til fjelstova.Foto: Privat
Olalia sundag. Lite snø, men gode forhold for ein rusletur til fjelstova.

Gløym skia

Du skal høgt til fjells for å finna snø til å gå på ski i påsken.

Publisert Sist oppdatert

Det minkar på skiføret i Etnefjella, og dersom ein har tenkt seg på tur til Olalia, Løkjelsvatn eller Blomstølen er nok fjellsko det beste fottøyet, melder Haugesund turistforening. Det er fortsatt snø frå Sandvass mot Simlebu og Seljestad, men også her er det mindre enn normalt dei siste åra. Etne Røde Kors har droppa påskevakt i hytta på Hjørnås då dei ikkje ventar stort utfart i Etnefjellet under årets påske.

På Olalia er det heller ikkje snø. Fjellstova var open palmesundag, utan at det var enorm trafikk frå besøkande. Ein god del tok likevel turen opp til fots. Turstien er bar og fin å gå på, og det er så tørt at det går greitt å ta seg fram med gode joggesko.

Vêrprognosane for påskeveka viser både regn og sol. Best vêr blir det på torsdag, søndag og andre påskedag med ein god del sol. Så nokre muligheiter for ein tur ut i det fri eller stell av båt og hage vil det vera.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS