Gjer reiarane fornøgde
Westcon Yards leverte måndag fiskebåten FV Gunnar Langva», det andre skipet av sitt slag som har blitt ferdigstilt i Ølensvåg i år. Kunden frå Ålesund er storfornøgd med resultatet.
— Me er svært fornøgde med arbeidet som har blitt gjort. Når eg kikkar meg rundt om bord nå, er det faktisk ikkje den minste ting eg tenker at kunne vore gjort betre, seier Gunnar Longva, ståande på brua på den heilt ubrukte, 74,8 meter lange og 2.985 tonn tunge båten.
Saman med broren Bjarne Longva eig han reiarselskapet Gunnar Langva AS, som har base i Ålesund. Både båten og selskapet er oppkalla etter bestefaren Gunnar Langva, og den nye pelagiske trålaren skal erstatte ein tilsvarande båt med same namn som også Westcon bygde for Ålesund-reiaren i 2004. I likskap med MS Taits», som i mars blei den andre båten som Westcon leverte til skotske Klondyke Fishing Company, er altså nye FV Gunnar Langva» eit bilete på at kundane er fornøgde med det dei får frå verftet i Ølensvåg. Då etter mange år med bruk og vurdering av produktet.
Givande arbeidsprosess