F.v. Magne Christiansen, Anita Nygård, Nicolai Bastlien, Kåre Rød, Håvard Vestbø, Ingrid Johannessen, Nina Frøyland, Leon Dyngeland, Bjørn Torfinn Vaka, Marianne Andersen, Karl Andreas Knutsen.
Foto: Privat
Gåvedryss frå sparebankstiftelsen
Sparebankstiftelsen SR-bank, hovudaksjonær i Sparebank 1 SR-Bank, har hatt ei av sine årlege pengeutdelingar til lag og organisasjonar nå før jul. Kr. 635.000, delt i større eller mindre summar, har kome føremål i Vindafjord, Suldal og Sauda til gode.
Fleirparten er i Vindafjord: 100.000 går til ny bru på tursti ved Olalia, Vindafjord jakt og fiskelag får 100.000 til naust-bygging, Vindafjord turlag 100.000 til tursti, Bjoa IL 30.000 til rasteplass, Vaka grendahus 30.000 til lydanlegg og Ølen brannvernlag 15.000 til hjartestartar. I tillegg får Vindafjord kommune og Ølen IL 30.000 kvar til generelle føremål.
— Det er veldig kjekt å kunne vere litt julenisse i årstida me nå er inne i, seier Magne Christiansen, banksjef i Sparebank 1 SR-Bank, som nyleg inviterte mottakarane til offisielle overrekking av midlane.
— Responsen var veldig god, mottakarane var svært glade for gåvene. 10.000 for den eine kan bety like mykje som 100.000 for den andre, alt etter storleiken på prosjektet og totalbudsjettet som er involvert, seier han.