Sigmund Låte lét seg ikkje stoppa av eit kraftig slag. Nå har han fullført boka om laksefiske i heimbygda Etne. Her forfattaren ved Sørelva, like nedafor der han vaks opp.
Foto: Arne Frøkedal
Gamle fiskeminne var redninga
Den første boka om laksefiske i Etneelva har vore ein viktig terapi for forfattaren etter at han blei kraftig ramma av slag. Arbeidet skapte sterke kjensler og minne til bygda han forlét som tenåring.
Sigmund Låte (73) er tilbake ved elva der han drog opp sin aller første storlaks for over 50 år sidan. Ved Sørelva peikar han på hølen der nokre av dei første fangstane blei tatt, nokre steinkast nedafor Fossa der han vaks opp samen med foreldre, tre brør og éi søster.
— Eg har lenge hatt lyst til å skriva om laksefisket i Etnevassdraget som var svært sentral i oppveksten hans. Først i 2013 drog eg fleire turar til Etne, snakka med folk og samla inn stoff, men notata eg tok var i utgangspunktet til lita nytte då eg for to år sidan blei ramma av slag og kunne verken snakka, skriva eller gå, fortel Låte.
Retta mot fiskaren