Emma Bjelland Ingebrigtsen.
Foto: Rina AspmoFOTO: Rina Aspmo
På tampen
Fysisk aktivitet gjer deg smartare!
På mentaltrenar-utdanninga eg går, lærar vi mykje om hjernen og korleis den blir påverka av fysisk aktivitet. Mange ser på trening som det å byggje rumpe eller få størst mogleg biceps. Det ikkje mange er klar over er at det nettopp er hjernen vår som sannsynlegvis er det organet som blir mest påverka av fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet kan blant anna ha positiv effekt på hukommelse, læring, kreativitet, konsentrasjon, stressmestring og intelligens. Og hjernen er faktisk avhengig av fysisk aktivitet for å fungere optimalt.
Dei fleste av oss veit jo at det å vere i fysisk aktivitet har ein rekkje helsefordelar. Det er gammalt nytt. Likevel er det interessant er å sjå tala som viser at rundt 75 prosent av befolkninga i Noreg er inaktive. Kvifor er det då slik?
Går vi mange år tilbake i tid, ser vi at det å vere fysisk aktive var heilt nødvendig for å overleve. Ein måtte springe for å få tak i mat og flykte frå fiendane. I dag lever vi i eit modernisert samfunn, der fysisk aktivitet nesten ikkje er nødvendig. Vi har ingen avgrensa tilgang på mat, ingen naturlege fiendar, og om vi treng å bevege oss frå A til B har vi både bil, heis, rulletrapp og el-sparkesykkel. Så blir vi berre latare og latare med åra?