Lesaren melder
Full fart over Bjørkeklubben
LESAREN MELDER: Dagen starta med minusgrader og Stordalsvatnet var blikkstille så langt me kunne sjå. Utover dagen kom sola opp over snødekte fjelltoppar, før ho varmde såpass bra at Etne vart ein av dei varmaste i landet denne siste påskedagen. Alt var perfekt tilrettelagt for dei beste løpsforholda i dette 1260 meter lange gateløpet på Frette.
Dei minste sprang dei siste 450 meter av hovedløpet. Fire jenter kom på rekke og rad inn i mål, og fekk sine velfortjente medaljar etterpå. Når dei største skulle springa var det jo litt spenning på kven som ville koma først over mål. Det er lett å starta for hardt i den flate traseen før det er ein liten motbakke halvvegs. Det var fleire duellar undervegs, mellom anna far og son Løhaugen, der minstemann etter ein rask start klarte å halda unna for far Ørjan.
Dei to beste herreløparane kjempa tappert på slutten, og fekk pressa tida ned etter ein knallhard spurt. Tor Arne Sandvik frå arrangørklubben drog det lengste strået.
Men dei som imponerte aller mest var dei unge jentene frå Haugesund IL, som sprang frå alle andre. Dei drog ifrå resten av løparane heilt frå start, og kom i mål på tider som fører dei høgt opp på adelskalenderen.
Linnea H. Fjelldalselv kom i mål kun 20 sek bak løyperekorden til Vilde Våge Henriksen, og har med det den 4. beste tida i løpet av damene.
Med løpskafe og premieutdeling så vart det var ein strålande flott dag å avslutta påskehøgtida på.
Olav Samland
IF Klypetussen