Illustrasjonsfoto: Jarl Fr. Erichsen / NTB / NPK

Fugleinfluensa er ikkje reservert for fuglar

Publisert Sist oppdatert
Veterinærinstituttet meiner vi må rekne med at Noreg vil rammast av fugleinfluensautbrot også i tida framover. Virusa som forårsakar fugleinfluensa har ei stor evne til å endre seg og kan utvikle auka smitteevne når dei smittar frå fugl til andre dyr.

Sjølv om fugleinfluensa framleis hovudsakleg er ein fuglesjukdom, har det det siste året vore ein auke i smitte frå fuglar til pattedyr på verdsbasis.

Fugleinfluensavirus er influensa A-virus. Slike virus har ei stor evne til å forandre seg og det kan derfor oppstå virus som lettare smittar frå fuglar til andre dyr og til menneske.

Det er likevel framleis svært sjeldan at menneske blir smitta og ingen er rapporterte smitta i Noreg. Når det gjeld smitte til andre pattedyr i Noreg er det berre eit fåtals revar som har fått påvist fugleinfluensa, men det er viktig å sjå etter teikn til om sjukdommen i større grad byrjar å ramme andre dyr og menneske. Overvaking og analysar av virus hos fuglar og andre dyr gir informasjon om dette.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS