— Det er ny mistanke om fugleinfluensa i ei kommersiell fjørfebesetning i Klepp i Rogaland. Mistanken er på nabogarden til besetning med verpehøns der det allereie er påvist fugleinfluensa. Besetninga vil bli avliva, skriv Mattilsynet i ei pressemelding tysdag.
Mistanken er basert på at det er oppdaga mange svake og døde fjørfe i besetninga.
— Mattilsynet har bandlagt garden. Dyra vil bli avliva og destruerte i dag eller i morgon. Vi jobbar tett med den ramma bonden, kommunen og næringa, seier regiondirektør Lise Petterson i Mattilsynet.
7.500 verpehøns
NRK skreiv tidlegare tysdag at det er påvist fugleinfluensa i ei ny besetning, men Mattilsynet understrekar at det førebels berre er ein mistanke.
Ifølgje NRK er det 7.500 verpehøns på garden.
Dersom det blir stadfesta at det er fugleinfluensa òg på garden der det er mistanke, er det den andre besetninga som på ei veke får påvist fugleinfluensa i Klepp kommune. Torsdag førre veke vart det kjent at ei besetning i kommunen hadde fått påvist sjukdommen, som regel fører til alvorleg sjukdom og død hos smitta fuglar.
Det var første gong det vart påvist fugleinfluensa i eit kommersielt fjørfehald i Noreg. 7.500 måtte verpehøns avlivast.
Smitte blant ville fuglar
Ifølgje NRK ligg dei to gardane der det må er påvist fugleinfluensa like ved eit naturreservat.
— Vi veit det er smitte i området i villfuglbestanden og vi jobbar med smittesporing, seier Petterson.
Mattilsynet innførte førre veke portforbod for fuglebesetningar i 15 kommunar i Rogaland etter funnet av fugleinfluensa hos besetninga. Det inneber at fjørfe og andre fuglar i fangenskap i dette området må haldast inne eller under tett tak.
Det vart òg innført ei risikosone på tre kilometer og ei observasjonssone på 10 kilometer der det er spesielt strenge tiltak.
— Mistanken fører ikkje til endringar i tiltaka som er sett i verk utover at risikosona og observasjonssona vil justerast noko. No er det viktig at alle som driv med fjørfe i dette området set seg grundig inn i kva reglar som gjeld. Tiltaka som allereie er innførte er inngripande, men dei er heilt avgjerande for å hindre vidare smitte, seier Petterson.
30 prosent av all egg- og kyllingproduksjon i landet går føre seg i Rogaland.
Portforbod
Mattilsynet innførte før helga portforbod for fuglebesetningar i 15 kommunar i Rogaland, alle sør for Boknafjorden, etter at svært smittsam fugleinfluensa vart oppdaga i eit hønsehus på Klepp.