Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Høg straumpris tysdag
Høg straumpris tysdag

Fredag har Sør-Noreg klart dyrast straum i Nord-Europa

Publisert Sist oppdatert
Straumprisane i heile Sør-Noreg er fredag soleklart dyrast i heile kraftmarknaden i Nord-Europa, skriv Europower.

Det blir låge straumprisar i heile Nord-Europa, inkludert Nord-Noreg, men unntaket er altså prisområda i Sør-Noreg. Her blir differansen til Tyskland heile 57 øre per kilowattime, viser spotprisane frå Nord Pool.

Det er seks månader sidan prisane i Sør-Noreg var så mykje høgare enn dei tyske straumprisane, skriv Europower.

I Tyskland får straumkundane minuspris på straumen i eit halvt døgn fredag. I Sør-Noreg blir prisane liggjande mellom 43 øre og 76 øre per kilowattime.

Ifølgje Europower er ei vesentleg årsak til at tyske straumprisar no er lågare enn dei norske, at forbruket er lågare enn før i Europa, samtidig som det har vorte installert meir vind- og solkraft. Det har ført til periodar i vinter med for mykje uregulert straumproduksjon i Europa.

Powered by Labrador CMS