Noreg er eit av dei tryggaste landa i Europa å køyra bil i. Likevel er dødstala på norske vegar for høge i følgje vegdirektør i Statens vegvesen.
Arkivfoto: Grannar
Framleis rekordlåge dødstal i trafikken
I 2021 omkom 87 på norske vegar. 80 prosent av desse var menn. Men trass ein rekordlåg risiko vil vegdirektøren ha ein forsterka innsats mot alvorlege trafikkulukker.
Statens vegvesen kan opplysa at for andre gong i nyare tid har færre enn 100 trafikantar omkome på norske vegar. Det førebelse talet viser at 87 mista livet i trafikken i 2021, mot 93 i 2020.
I følgje Trygg Trafikk omkom 69 menn og 18 kvinner på norske vegar i 2021. Det betyr at 80 prosent av dei døde var menn.
Framleis innsats for sikkerheit på vegane