Også i 2024 gikk produksjonen av raudt kjøt ned, for andre år på rad. Nedgangen er ønska ettersom det dei siste åra har vore en overproduksjon av storfe og gris. Foto: Cornelius Poppe / NTB/NPK
Også i 2024 gikk produksjonen av raudt kjøt ned, for andre år på rad. Nedgangen er ønska ettersom det dei siste åra har vore en overproduksjon av storfe og gris.

Framleis nedgang i produksjonen av raudt kjøtt

Produksjonen av raudt kjøtt gjekk ned for andre året på rad, viser førebelse tal frå bransjeorganisasjonen Animalia.

Publisert Sist oppdatert

I 2023 var forbruket av raudt kjøtt på det lågaste nivået på 30 år, og dei førebelse tala for 2024 viser ein nedgang i produksjonen på 3,5 prosent samanlikna med året før. Det er den lågaste produksjonen av raudt kjøtt på ti år, skriv Nationen.

Den totale produksjonen av kjøtt frå storfe, småfe og gris, som blir rekna som raudt kjøtt, ligg an til å bli på rundt 229.000 tonn i 2024. Det er ein nedgang på rundt 8000 tonn eller rundt 3,5 prosent frå året før og den nest største nedgangen sidan tusenårsskiftet, berre med unntak frå 2019.

Produksjonen i fjor ligg dermed an til å bli den lågaste på ti år, ifølgje Animalia, som er eigd av Nortura og Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund. Ifølgje Animalia kan dei endelege tala bli noko større, men ikkje i særleg stor grad.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS