Frå handsmidd ljå til skreddarsydde stålprodukt
I fire generasjonar har ljåen vore grunnlaget for industrisatsinga til Hamre AS i Etne. Den vesle smia i strandkanten på Åkre i Hardangen, der Johan Hamre (1893-1960) saman med naboen Per Åkre smidde dei første ljåane for snart 100 år sidan, dannar grunnmuren som ljåsmia har bygd vidare på, og som heilt fram til dei siste åra har vore ein viktig del av inntektsgrunnlaget.
Undervegs har mykje endra seg. Tida då dei to første smedane måtte dra til Tyssedal for å sikra seg kol til essene, slik at lokale bønder i Sør-Noreg blei forsynte med reiskap til slåttonna, er for lengst historie. Men innsatsviljen og handverkstradisjonane har levd vidare.
Johan Hamre (79) overtok bedrifta etter sin far, Tobias Hamre (1919-2002) i 1985. Han minnest godt oppveksten i Hardanger då han som ung gut hjelpte til med arbeidet i den vesle smia.