Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kristin Helle går frå jobben som personalsjef i Tysvær kommune til å bli ein del av prosjektgruppa som skal jobbe med det nye Helsekvartalet.ARKIVFOTO: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Kristin Helle går frå jobben som personalsjef i Tysvær kommune til å bli ein del av prosjektgruppa som skal jobbe med det nye Helsekvartalet.

Frå ein leiarjobb til ein annan

Publisert Sist oppdatert

– Det er ei tid for alt, og akkurat nå dukka det opp ein moglegheit eg ikkje kunne seie nei til. Eg har vore personalsjef i Ølen og Tysvær i 22 år, ei utruleg spennande tid med store endringar på mange plan. Nå er eg 61 år og kjente eg hadde guts til å ta fatt på ei stor fagleg utfordring til. Helsekvartalet triggar mykje i meg og det skal bli eit utruleg spennande puslespel å legge, seier Kristin Helle.

Det tok ikkje mange timane frå ho la ut på kommunen si interne side at ho gir seg før dei første innbyggarane kontakta oss. I det som er ein variert og innhaldsrik jobb med kommunens personale har 61-åringen klart kunststykke å både bli godt likt og å få eit godt renommé.

– Å vere personalsjef er ein veldig krevjande jobb på mange måtar. Ein er direkte involvert i den enkelte tilsette, leiarane deira og kommunen si toppleiing. Slett ikkje alle dagar er lette verken for personalsjefen eller dei tilsette, men eg er svært glad for at folk kjem med positive tilbakemeldingar. Det gjer alltid godt, også i slike stillingar.

Powered by Labrador CMS