Den nye bilen til Knapphus Energi skal levera drivstoff til kundar innanfor grensene til det tidlegare Sogn og Fjordane fylke.
Foto: Privat
Fotfeste innanfor nye grenser
Knapphus Energi har nemleg i år sikra seg fotfeste innanfor grensene til det tidlegare Sogn og Fjordane fylke, gjennom oppkjøpet av firmaet Farsund & Naustheller i Førde i Sunnfjord. Dette familieføretaket vart skipa i 1966, og hadde i fjor ei omsetning på om lag hundre millionar kroner.
Marknadssjef Trond Birk i Knapphus Energi fortel at planen er å slå saman avdelinga i Førde med verksemda i Bergen og omland. Forretningsadressa blir Førde, og den nyoppretta regionen vil få tretten tilsette.
Fleire oppkjøp?
Birk ser ikkje bort frå at det kan koma fleire utvidingar og oppkjøp i framtida.
— Knapphus Energi ønskjer å vera ein stor aktør når det gjeld omsetning og utkøyring av drivstoff og andre oljeprodukt, landet rundt. Me undersøkjer difor aktivt om det er føretak for sal, eller firma som ønskjer samarbeid.
Marknadssjefen seier vidare at Farsund & Naustheller hadde ein profil i samsvar med målsetjinga til Knapphus Energi, og at det dermed passa godt å få hand om firmaet i Førde.
— Knapphus Energi satsar hovudsakleg på å ha bønder, entreprenørar og ulike typar bedrifter som kundemasse. Dessutan legg me vekt på å spreia tankanlegga geografisk, slik at kundane våre slepp å køyra milevis for å få tak i drivstoff. Det har også vore Farsund & Naustheller sin tankegang, påpeikar Birk.
Lik profil
Farsund & Naustheller har overlate fem utsalsstader og tankanlegg i det tidlegare Sogn og Fjordane, pluss eitt i Ørsta i Møre og Romsdal, til Knapphus Energi, alle ubetente. Bruk av det såkalla Knapphuskortet er ein måte å kunna betala på.
Enkelte av bilane til Farsund & Naustheller er omlakkerte til Knapphus Energi sitt fargeskjema, og i desse dagar har føretaket i Øvre Vats fått levert eit nytt vogntog, som skal gå i oppdrag for avdelinga i Førde.
Det dreier seg om ein Scania R 540, som er klargjort på Frakkagjerd i Tysvær, og blitt sertifisert i Stavanger sidan bilen skal transportera farleg gods. Kjennemerket TV 98137 er tildelt frå trafikkstasjonen i Førde.
Passerer 1,2 milliardar
Trond Birk reknar med at Knapphus Energi vil omsetja drivstoff og andre oljeprodukt, for over 1,2 milliardar kroner i år. Johannes Sjurseike og sonen Jarle har den daglege leiinga.
Elles nemner marknadssjef Birk at det i haust er seksti år sidan sal av olje og drivstoff tok til på Knapphus.