Ein fotballinteressert gjeng fekk høyra forfattar Ørjan Zazzera Johansen fortelja frå si bok om Erling Braut Haaland.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Ein fotballinteressert gjeng fekk høyra forfattar Ørjan Zazzera Johansen fortelja frå si bok om Erling Braut Haaland.

Fotballfeber på biblioteket

Det var full fart med konkurransar og aktivitetar på biblioteket i Etne då forfattar Ørjan Zazzera Johansen tok turen for å fortelja frå boka si om fotballstjerna Erling Braut Haaland. Fotballinteresserte Peder August Hornenes (7) sikra seg til og med autografen til forfattaren.

Publisert Sist oppdatert

— Er det nokon her som likar fotball. Og har nokon høyrt om Erling Braut Haaland, spør forfattar Ørjan Zazzera Johansen (49) og kikkar utover salen der ein fotballglade ungar har tatt plass for å høyra historia om den verdskjente fotballspelaren frå Bryne.

Emma Adolfsen sikrar seg autografen til Ørjan Zazzera Johansen.

Eit samstemt og rungande ja frå den unge forsamlinga levnar ingen tvil. Her er alle som ein interessert i fotball, og ikkje minst synes dei fotballspelaren frå Bryne er stor stas.

Johansen si bok om den berømte fotballhelten kom ut for eitt år sidan og har sidan den gong vore ettertrakta lesestoff for unge fotballgutar og jenter. I dag har han tatt boka med seg til biblioteket i Etne for å lesa og fortelja om livet og utviklinga til sambygdingen Haaland.

— Eg vaks opp på Bryne og har spelt i same fotballklubb. Eg skriv også om min by og min klubb i boka, seier Johansen.

Historia om Erling Braut Haaland» er ei barnebok med foto og teikningar, og passar perfekt for barn og unge i 9 til 12-års alderen. Boka er nominert til to prisar og er omsett til dansk.

— Den har selt godt, seier han.

Falturiltu

Arrangementet på biblioteket i Etne er eit samarbeid med den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu som kvart år byr på ulike program knytt til ein festivalforfattar. Sidan starten i 2007 har over 220 ulike forfattarar, illustratørar og kunstnarlege gjester deltatt på festivalen. I år var det forfattaren frå Bryne sin tur.

— Eg er på ein tre-dagars tur denne gongen. Eg har hatt andre turnear tidlegare. Det er kjempekjekt på slike arrangement, seier Johansen.

Kveldens unge publikum synes også det er kjempekjekt å få vera med på biblioteket sin fotballtorsdag. Her får dei prøva seg på ulike aktivitetar som fotballquiz, teiknekonkurranse, fotballskytekonkurranse og Fifa-turnering, og til slutt vankar det premiar for innsatsen.

Oliver Jacobsen Lothe (11) får prøva seg på quiz-konkurransen.

— Eg har spelt fotballspel og quiz. Det er gøy. Det var lette oppgåver, seier 11 år gamle Oliver Jacobsen Lothe og sjekkar spørsmåla på quizarket.

Fotball er 11-åringen sin favorittidretten og Haaland favorittspelaren.

— Eg spelar fotball og er keeper. Eg heiar på Haaland, men ikkje på laget hans, seier han.

Autograf

Innimellom spørsmålsrundane og konkurransane nyttar fleire av dei unge gjestene høvet til å sikra seg ein autograf av den populære forfattaren. 7 år gamle Peder August Hornenes Sørheim frå Etne har Haaland-boka ståande i bokhylla heime, og i dag har han fått seg eit minne for livet.

— Me har fått signert bok av forfattaren, seier farmor Gunn Irene Hornenes nøgd.

Ho har tatt turen til biblioteket saman med barnebarnet for å bli med på fotballfesten.

— Eg er veldig interessert i fotball. Newcastle er favorittlaget, seier 7-åringen og smiler.

Populær samlingsplass

Biblioteket i Etne er godt besøkt både av barn og vaksne, og særs mange finn vegen når eit arrangement står på programmet. For å laga litt ekstra stas på dei unge under forfattarbesøket bestemte barne-og ungdomsbibliotekar Ingeborg Sørheim seg for å arrangera konkurransar og aktivitetar, noko dei unge gjestene sette stor pris på.

Peder August Hornenes Sørheim (7) og farmor Gunn Irene Hornenes kosar seg på biblioteket.

— Me har laga til litt ekstra før forfattaren skal fortelja frå boka, seier Sørheim og er glad for at biblioteket blir mykje brukt.

— Ungane er mykje på biblioteket også på fritida, seier ho.

Birk Litlehamar (8) har funne fram teiknesakene.
Harald G. Arefjord (9) får prøva seg i fotballkonkurranse.Signe Ytrøy i bakgrunnen.
Forfattar Ørjan Zazzera Johansen.
Powered by Labrador CMS