Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Grågåsa lettar stort sett med ein gong når ho blir utsette for strålar frå fuglelaser. Foto: Jo Jorem Aarseth / NIBIO
Grågåsa lettar stort sett med ein gong når ho blir utsette for strålar frå fuglelaser.

Forskarar testar laser mot grågås

Publisert Sist oppdatert
NPK: Heile sommarhalvåret beiter grågåsa ned gras- og kornavlingar langs heile norskekysten. No testar forskarar ved Nibio om laser kan vere skremselsmetoden som får fuglane til å halde seg unna.

Problemet er stort mange stader. Grågåsa kan ete opptil to tredelar av avlinga om ho får beite uforstyrra, ifølgje forskingssjef Jo Jorem Aarseth ved Nibio Tromsø. I tillegg kjem trakkskader og ekskrement.

— Gåsa er vegetarianar. Ho er som ei ku med venger, seier Aarseth.

Han og forskarkollegaene ved Nibio prøver no å finne ein god metode for å skremme gjæsene vekk frå innmarka. No har dei testa ut ein såkalla birdlaser, ein slik dei bruker ved flyplassane, ved tre gardsbruk i Troms. Der fann dei at laseren er effektiv, men tidkrevjande å bruke. Kost-nytte-effekten kan vere låg.

— Små og bortgøymde jorde og ein travel kvardag gjer det lite truleg at bonden vil nytte fuglelaseren særleg mykje, seier forskingssjef Jo Jorem Aarseth ved Nibio Tromsø.

Metoden er likevel meir effektiv enn tradisjonell skremming og bruk av signalpistol og har truleg størst kost-nytte-verdi på store, flate jorde der laseren kan nå over heile området, meiner forskarane. Erfaringane med bruk av fuglelaser har elles vore positive i Sør-Noreg, sjølv om det framleis er uvisst kor lenge gjæsene held seg unna etter kvart som dei venner seg til laserstrålen.

Andre skremselsmetodar som fugleskremsel, lydkanonar og bruk av fuglehund har berre kortvarig effekt. Den metoden som har vist seg å vere mest effektiv, er skadefelling.

— Sjølv ved felling av nokre få individ ser tiltaket ut til å ha ein langvarig effekt, men dette er ein omstridd metode fordi skadesesongen i stor grad fell saman med hekkesesongen, seier Aarseth.

Powered by Labrador CMS