Forsikrar at legekontoret blir
Jon Edvardsen Legekontoret er i kommunehuset i Vikedal, og huset skal seljast i løpet av […]
Legekontoret er i kommunehuset i Vikedal, og huset skal seljast i løpet av første halvår i 2010. Vindafjord kommune flyttar rundt ti arbeidsplassar frå kommunehuset i Vikedal og over til Ølen. Samstundes har kommunen varsla ein gjennomgang av legetenesta i Vikedal.
Legeheimlar i Vikedal
— Uroa for legekontoret har vel oppstått på grunn av at vi skal avvikle kommunehuset og flytte helsestasjonen til Ølen. Men eg har ikkje noko oppdrag om å gjere noko med legekontoret. Legeheimlane er i Vikedal, og der skal dei vere, seier rådmann Kristian Birkeland.
Lege Tina Sparchholz har arbeidd i Vikedal sidan 2006, og seier det er uaktuelt å flytte legeheimelen ut av bygda dersom spørsmålet dukkar opp.
— Det har vore litt ustabilt tidlegare, men vi er to legar i Vikedal og tilbodet til pasientane er stabilt. Den andre legen kom i 2008, og det tar litt tid å byggje opp ei pasientliste, seier ho.
Sparchholz seier det spesielt er viktig for dei eldre pasientane med ro og stabilitet omkring legetenesta.
Med på kjøpet
Vedtaket om å tømme og deretter selje kommunehuset i Vikedal vart vedtatt i 2008. Men tømminga gjeld ikkje legekontoret.
— Vi er eigentleg litt på etterskot med salet, men no har vi vore i kontakt med eigedomsmeklarar og reknar med at huset blir selt i første halvår neste år, seier Birkeland.
Han ser ingen ulemper med å selje huset med ein leigetakar på kjøpet.
— Tvert imot kan det vere ein fordel for kjøparen å vere sikra leigeinntektene legekontoret gir, seier rådmannen.
Han opplyser at kommunen skal i dialog med Vikedal Utvikling for å diskutere framtida for den store bygningen midt i sentrum. Men i følgje Birkeland skal kommunehuset uansett lysast ut for sal på den opne marknaden.