Gründeren Atle Berge har gitt pengar til partiet FOR. Han er ute av Ølen Betong AS. ARKIVFOTO
Flyttar til skatteparadiset» i nord
Det er Dagens Næringsliv som i tysdagens avis fortel at 15 eigarar av 5,4 milliardar kroner nå har flytta til den vesle havkommunen i Nordland. Blant desse er vågsbuen Atle Berge, mest kjent som gründer av Ølen Betong og sitt arbeid i dotterselskapet i russiske Murmansk.
Med 68-åringen si flytting forsvinn også skatteinntekter til hans heimkommune Vindafjord. Ifølgje DN var hadde Berge i 2019 ei likningsformue på 152 millionar kroner, men skal etter finanstidsskriftet Kapital sine tal ha ei reell formue på 1,3 milliardar.
Berge meldte flytting 1. januar i 2021. Det gir han ein årleg gevinst på vel 760.000 kroner rekna ut frå eit nivå på formuen som i 2019.