Tømmer frå Vestlandet og Telemark skal bli til kraftfôr i ny fabrikk.
Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Fiskå Mølle byggjer ny fabrikk
NPK: Fiskå Mølle i Ryfylke i Rogaland skal som første verksemd i verda produsere sukker frå gran og furu til bruk i dyrefôr.
– I dag importerer norsk kraftfôrindustri rundt 70.000 tonn sukker frå utlandet. Dette kan snart erstattast med norskprodusert sukker frå skogen, seier marknadssjef Tommy Nordbø hos kraftfôrprodusenten Fiskå Mølle i Rogaland, til NRK.
Kraftfôr er mat til husdyr som er spesielt utvikla for å dekke dyra sine næringsbehov. Ein viktig ingrediens er melasse frå sukkerrøyr og sukkerroe frå område som Latin-Amerika og Asia.
Det er dette sukkeret som no skal produserast i Noreg – av norsk gran og furu. Prosessen går enkelt forklart ut på å koke treflis under høgtrykk. Då blir det utløyst ein reaksjon som gjer det mogleg å skilje ut sukkerstoff frå flisa. Resultatet blir ein seig sirup.
Selskapet Norsk Skogsmelasse skal byggje fabrikken som kan stå klar om halvtanna år. Fiskå Mølle er hovudeigar.
Fabrikken kjem til å bruke nærare 200.000 kubikkmeter tømmer. Det blir den første nyetableringa på 40 år med eit så stort forbruk av massevirke i norsk industri. Skogen vil bli henta frå Rogaland, Vestland, Agder og Telemark.