FHI trur det blir mogeleg å reisa ut av landet igjen om få månadar dersom prognosane om vaksinering blir innfridde.
FOTO: AVINOR
FHI trur vi kan byrje å reise mot slutten av mai
NPK-NTB: Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI trur vi kan opne grensene i slutten av mai, når alle over 45 år etter planen har fått den første dosen med koronavaksine.
— Etter kvart vil ein opne grensene og få normal turisttrafikk. Og alt som har med sosiale møte å gjere. Det kan skje i slutten av mai, utan at eg kan vere heilt sikker på det, seier Bukholm til VG.
Førebels er det største hinderet mangel på vaksinar.
— I mai og juni får vi dei store forsyningane. Det er nesten ei eksponentiell opptrapping. Frå å ha vaksinert ein relativt liten del, har vi plutseleg vaksinert nesten alle på to månader, seier han.
Utanlandsreiser har det vore åtvara mot sidan Noreg stengde ned i mars i fjor.
Leiaren i Virke Reiseliv, Astrid Bergmål, seier at det er viktig at styresmaktene følgjer etter EU og gjer smittevernvurderingar på regionalt nivå i Europa, på same måten som i Norden.
— Det vil vere avgjerande for å få i gang igjen reiseverksemda og aktiviteten så raskt som mogleg, innanfor ramma av det som er trygt med tanke på smittevern, seier ho.
Bergmål viser at på same måte som smittesituasjonen i Oslo og Finnmark er ulik, vil det vere store regionale forskjellar i Europa.