NVE meiner Norled, som er eit av dei største ferje- og hurtigbåtreiarlaga i Noreg, har brote lova. Foto: Paul Kleiven / NTB/ NPK
NVE meiner Norled, som er eit av dei største ferje- og hurtigbåtreiarlaga i Noreg, har brote lova.

Ferjereiarlag har fått millionbot

Publisert Sist oppdatert
Reiarlaget Norled AS har fått eit straffegebyr frå NVE på 2 millionar kroner for å ha bygd elektriske anlegg utan løyve.

– Det er eit alvorleg brot på energilova å setje i gang bygging av elektriske anlegg utan løyve. Dette undergrev heile konsesjonsordninga og er noko vi vil slå hardt ned på framover, seier seksjonssjef Anne Johanne Kråkenes i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding på NVEs nettsider.

NVE meiner Norled har brote lova i samband med bygginga av eit ferjeladeanlegg ved Årvika ferjekai i Sande kommune i Møre og Romsdal som vart påbyrja før det låg føre løyve frå NVE.

Dette vart oppdaga då NVE behandla konsesjonssøknaden i mars 2022.

Løyvet vart gitt kort tid etter, men NVE varsla samtidig Norled om at hendinga ville bli følgt opp. Reiarlaget vart også ha vorte varsla om eit mogleg straffegebyr i september 2023.

Kommunikasjonssjef Cathrine Gjertsen i Norled stadfestar overfor NTB at dei har fått vedtaket frå NVE og seier dei no vil gå gjennom og sjå nærare på det. Gjertsen vil førebels ikkje gi ytterlegare kommentarar til saka.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS