Planen var pappa-perm frå 1. januar av og fram til april, men diagnosen lymfekreft blei ein del av kvardagen berre eit par veker inn i permisjonen. Filippo Ballarin vil likevel vera fulltids-pappa så lenge han kan, og har takka nei til hjelp utanfrå. Matteo får dermed pappa si fulle merksemd - så sant pappa er frisk nok til det. — Det blir nok tøffare og tøffare for kvar cellegiftkur, men eg håpar på å vera i så god form som mogleg, seier Ballarin, som har eit tøft løp fram til påske. Foto: Grethe Hopland Ravn
Planen var pappa-perm frå 1. januar av og fram til april, men diagnosen lymfekreft blei ein del av kvardagen berre eit par veker inn i permisjonen. Filippo Ballarin vil likevel vera fulltids-pappa så lenge han kan, og har takka nei til hjelp utanfrå. Matteo får dermed pappa si fulle merksemd - så sant pappa er frisk nok til det. — Det blir nok tøffare og tøffare for kvar cellegiftkur, men eg håpar på å vera i så god form som mogleg, seier Ballarin, som har eit tøft løp fram til påske.
Kommunedirektør Filippo BallarinFoto: Grethe Hopland Ravn
Kommunedirektør Filippo Ballarin
Sjølv om Filippo Ballarin både har pappa-permisjon og må gjennom omfattande kreftbehandling, er målet å lesa minst éi bok i veka i 2025. Foto: Grethe Hopland Ravn
Sjølv om Filippo Ballarin både har pappa-permisjon og må gjennom omfattande kreftbehandling, er målet å lesa minst éi bok i veka i 2025.
Kreftdiagnosen i januar var ein brutal beskjed å få, men Filippo Ballarin er optimist og er innstilt på å kjempa ein tøff kamp nå i vår - og vera tilbake i jobb 1. august. Foto: Grethe Hopland Ravn
Kreftdiagnosen i januar var ein brutal beskjed å få, men Filippo Ballarin er optimist og er innstilt på å kjempa ein tøff kamp nå i vår - og vera tilbake i jobb 1. august.
Filippo Ballarin har gjennomført første kur av fire, i første omgang. Han har respondert veldig bra på cellegifta, og har vore i relativt god form etterpå. Han er optimist, for legane seier at denne type lymfekreft har gode odds. Foto: Grethe Hopland Ravn
Filippo Ballarin har gjennomført første kur av fire, i første omgang. Han har respondert veldig bra på cellegifta, og har vore i relativt god form etterpå. Han er optimist, for legane seier at denne type lymfekreft har gode odds.

Fekk lymfekreft då pappa-permisjonen starta

Kommunedirektør Filippo Ballarin (37) i Etne såg fram til fire månadars pappa-permisjon, og gledde seg til å tilbringa dagane med Matteo (1). Men lagnaden gav han ein skikkeleg nasestyvar, for berre eit par veker inn i permisjonen fekk han påvist lymfekreft med spreiing.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein fin dag i Sauda, og siste sprell av kong Vinter er i ferd med å sleppa taket. Det dryp frå taket, og blå minus har gått over til raude pluss. Filippo Ballarin har gledd seg til denne seinvinteren, og sett fram til å sleppa pendling mellom Etne og Sauda på holkeføre. Han har også sett fram til å vera pappa på fulltid dei neste fire månadane, og tilbringa dagane med minstemann – og sistemann – Matteo som fyller eitt år på sjølvaste kvinnedagen.

— Matteo er definitivt sistemann i flokken, det blir ikkje fleire, seier Ballarin og smiler mot vesleguten før han løftar han opp på hofta.

Det er tid for middagskvil og Matteo blir lagt ned i ei vogn midt på kjøkkengolvet, og roar seg der. Ikkje lenge etterpå så pustar han tungt. Han har sovna.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS