Fekk ikkje hjelp til blødande mor
Natt til onsdag i sist veke var Elisabeth Viker i Etne klar for å leggja seg for kvelden. Ho stod ved kjøkkenbenken i berre underbuksa, og heldt på med å ta av seg briller og høyreapparat. Plutseleg hoppar katten på henne og tar eit skikkeleg tak om låret hennar. Ho kjenner at klørne går inn i huda, og jagar katten ned igjen på golvet. Så kjenner ho det: Blod som renn i strie straumar nedover leggen og foten.
— Eg blei heilt forfjamsa, men også veldig stressa. Det var ikkje så vondt, men eg blødde så forferdeleg. Det tok ikkje lange tida før det såg ut som eit grisehus her, seier ho, før ho legg til at ho ringte opp sonen sin, Egil Viker Jørgensen, for å høyra med han kva ho skulle gjera.
Måtte køyra sjølv