Samfunnshuset i Ølen baud på ein bukett med ulike kulturar frå heile verda på laurdag. Folk frå heile distriktet hadde tatt turen og let seg smitte av latter og glede som ofte fylgjer musikk og god mat. Festarrangementet Mitt Fargerike Nabolag» vart feira for fjerde gong med Chatherine Chimba i spissen for komiteen som steller i stand Integreringsdagen i Ølen og ho synest det vart ein fantastisk dag med mange nye og fleire ansikt å sjå enn ved tidligare arrangement.
Tid til kvarandre
Varaordførar Steinar Skartland sette ord på noko som mange slit med i kvardagen.