Jone, Vida og Veronika Tveit har lagt ned mykje arbeid i restaurering av dei gamle husa i Haraldseidvågen.ARKIVFOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Jone, Vida og Veronika Tveit har lagt ned mykje arbeid i restaurering av dei gamle husa i Haraldseidvågen.
Den gamle sildestova er nå blitt en yoga-sal. FOTO: PRIVAT
Den gamle sildestova er nå blitt en yoga-sal.
Nå skal taket tilbakeførast på fabrikkbygninga. FOTO: PRIVAT
Nå skal taket tilbakeførast på fabrikkbygninga.
Haraldsveigåen og eigar Jone Tveit har fått midlar frå Kulturminnefondet for sjette gong.FOTO: PRIVAT
Haraldsveigåen og eigar Jone Tveit har fått midlar frå Kulturminnefondet for sjette gong.
f21
Den gamle krambua kan brukast til kafé og lettare servering. FOTO: PRIVAT
Den gamle krambua kan brukast til kafé og lettare servering.

Får tilskot til oppussing for sjette gong

Jone Tveit og familien sitt store prosjekt i Haraldseidvågen i Skjold får sitt sjette tilskot frå Kulturminnefondet. No er det taket på fabrikken nå skal bli tilbakeført.

Publisert Sist oppdatert
Haraldseidvågen i Ålfjorden, med sitt gardsbruk, fiske og industrimiljø er svært verdifullt og står i kommunen sin kulturminneplan, der fire av bygningane er vekta til å ha stor regional verdi, skriv Kulturminnerådet i ei pressemelding.

No har eigaren Jon Tveit fått midlar frå Kulturminnefondet for sjette (!) gong:

• 2021: 150.000 kroner til Gaffelbitfabrikken.

• 2022: 300.000 kroner i støtte til bøtker-naustet og 300 000 kroner til steinnaustet i 2022.

• 2023: 200.000 til tak og fasade på eldhuset.

• 2024: 200.000 kroner til arbeid på fjøset.

• 2024: 400.000 til tilbakeføring av tak.

– Området er svært verdifullt og er ein viktig del av eit heilskapleg industrisamfunn som hadde nesten 100 tilsette i si storheitstid, seier Kulturminnefondet sitt styreleiar Hanne Kristin Jakhelln.

Haraldseidvågen var tidlegare endestasjon for fjordbåtruta frå Bergen, og her var både god kai og butikk.

Frå gamal sildestove til yoga-sal

Kulturminnet er i aktiv bruk, og huser mellom anna kafé og konsertar. Krambua i fabrikken er bevart slik som den var i den tida det var drift og blir no sporadisk brukt til Kafé og sal om sommaren. Det er vidare eit forsamlingslokale i kjellaren, verkstad som blir brukt ved vedlikehald og diverse aktivitetar førekommer i den gamle sildestova.

– Naustet i kjellaren er egna til å ha konsertar og andre samlingar, butikken kan brukast til Kafé og lettare servering, sildestova blir brukt til Yoga-sal og møterom, skriv eigar Jone Tveit søknaden til Kulturminnefondet.

Må skifte taket

Eternitten som blei lagt i starten på 1970-talet må skiftast ut fordi det er antyding til lekkasje og skadar på taket. Det er plan om å tilbakeføre taket med sutak og bølgeblikk og takrenner i opphavleg stil.

– Det er positivt at søkjar ønskjer å bevare bygningen, og dens innhaldsrike historie, seier Hanne Kristin Jakhelln, styreleiar i Kulturminnefondet i pressemeldinga.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS