Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

NVE ikkje gode nok på å handtere dataangrep, meiner Riksrevisjonen. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
NVE ikkje gode nok på å handtere dataangrep, meiner Riksrevisjonen.

Får refs for mangellfull beredskap

Publisert Sist oppdatert
— Etter Riksrevisjonens samla vurdering er det alvorleg at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ikkje i tilstrekkeleg grad har sett til at det er god beredskap for å handtere IKT-angrep i kraftforsyninga, heiter det i rapporten.

Alvorleg er den nest høgaste grada av kritikk Riksrevisjonen kan komme med. Dei bruker òg den svakaste graden av kritikk, kritikkverdig», om fem punkt i rapporten. Samtidig merker dei seg at regelverket vart styrkt frå 2019.

— Det er alvorleg når vi veit at risikoen for dataangrep i straumforsyninga aukar. Viss vi ikkje tek dette på alvor no, kan det komme eit angrep som vil få fatale konsekvensar, seier riksrevisor Per-Kristian Foss i ei pressemelding.

Manglar styring

Riksrevisjonen meiner NVE ikkje har sterk nok styring av arbeidet med IKT-tryggleik i kraftforsyninga, og ikkje veit nok om resultata av sitt eige arbeid på området. Det manglar òg ressursar og midlar til å følgje opp arbeidet, og tilsynet med kraftselskapa er mangelfullt på fleire måtar.

Olje- og energidepartementet får òg kritikk for at dei ikkje har følgt opp NVEs arbeid godt nok og dermed ha mangla informasjon til å ta avgjerder om tiltak på området.

I rapporten kjem Riksrevisjonen med tilrådingar til departementet om å sørgje for at NVE styrkjer arbeidet sitt for å styrkje IKT-tryggleiken, mellom anna gjennom betre kunnskapsgrunnlag, betre tilsyn, og god rettleiing til kraftbransjen.

— Det er positivt at regelverket er styrkt, men rapporten viser at mange selskap manglar kompetanse innan datatryggleik. Det er derfor viktig at NVE følgjer opp med god rettleiing til selskapa, seier Foss.

Vil følgje opp

Olje- og energiminister Tina Bru (H) skriv i sitt svar til Riksrevisjonen at ein del av det tilrådde arbeidet for å styrkje tryggleiken allereie er påbyrja.

NVE skriv i ei pressemelding at dei vil sjå nærare på innhaldet og følgje opp forslaga til forbetringstiltak.

Eit av dei største vellykka hackarangrepa mot ei kraftforsyning i verda fann stad i Ukraina i desember 2015. Delar av landet, mellom dei nokre bydelar i hovudstaden Kiev, mista straumen i ein times tid.

Powered by Labrador CMS