Delar av fleirtalskoalisjonen på eit trongt kontor for å file på eit forslag som betyr at dei vil vente på rådmannen sitt spareforslag i september før det blir gjort noko. Frå venstre ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), Olav Eikeland (Sp), varaordførar Steinar Skartland (KrF), Rune Hetland (V), Anders Haugland (Sp), Nina Karin Ramsfjell (Sp), Gustav Fosse (KrF), Arne Bergsvåg (Sp) og Vidar Samland (SV) delvis ute av bildet.
Foto: Jon Edvardsen
Får kattepine rett før valet
Partia i Vindafjord må truleg tone flagg for sparetiltak ei veke før valdagen i september. Det kan bli ei kattepine for fleire, og kanskje mest for Senterpartiet.
Å lansere 10-20 millionar i innsparingar fem dagar før valdagen 9. september, er neppe det dei fleste partia ønskjer seg. For å få det til blir det ganske synlege tiltak som går ut over nokon. Dermed står dei i fare for å terge på seg veljarar, eller miste potensielle stemmer.
Sparetiltak i denne storleiken blir raskt snakk om nedlegging og avvikling av tilbod.
I kommunestyret var Høgre det einaste partiet som kom med konkrete forslag som kan gi kutt. Forslaga har ord som skular, barnehagar og svømmehall, og det fører fort til bygdemobilisering.