Mangeårig trenar for symjegruppa til Ølen IL Tor Kalleklev, fortvilar over høge leigeprisar på bassenget i Ølen.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Mangeårig trenar for symjegruppa til Ølen IL Tor Kalleklev, fortvilar over høge leigeprisar på bassenget i Ølen.

Får for lite symjetrening

Symjegruppa i Ølen Idrettslag må ut med fire hundrelappar i timen når dei skal trena i bassenget på Ølen skule. Det meiner Tor Kalleklev i symjeklubben er altfor dyrt.

Publisert Sist oppdatert

Interessa for symjing blant barn og ungdom i Ølen er stor og den har auka sterkt dei siste åra. Symjegruppa til idrettslaget i bygda har dobla seg på ti år, frå rundt 50 barn for 10 år sidan til nesten 130 i dag. Barn frå barnehagealder til 16 år kan stå som medlem i symjeklubben og iveren etter å få trena meir enn ein gong i veka er stor i alle aldersklassar. Men med 400 kroner timen i leige for bassenget ser ikkje symjegruppa seg råd til å auka treningsmengda verken for nybegynnarane eller dei litt større ungane som ynskjer å satsa på idretten, og for å få mest mogleg ut av kvar krone vert alternativet å pressa så mange som mogleg inn i kvar gruppe.

— Høge leigeprisar gir store avgrensingar for oss å driva trening og me må ha store grupper. Me kan ha opptil 25 ungar i bassenget samstundes og det gjer det vanskeleg å driva trening. Alle får for lite trening og for dei flinke blir det alt for lite med ein gong i veka. Me har fleire som har vore med på konkurransar, men dei får ikkje trena nok. Tre dagar i veka bør vera minimum for denne gruppa, fortel trenar Tor Kalleklev i Ølen IL.

Samla utlegg for symjegruppa på rundt 50.000 kroner årleg berre i bassengleige med det aktivitetsnivået dei har i dag meiner han er altfor mykje og han fortvilar over Vindafjord kommune som får seg til å krevja høge leigeprisar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS