Vatsbuen har kjempa frå første stund for å få opp ny Vindafjordhall med svømmebasseng i Vats. No er løpet lagt for den første dukkerten i bassenget blir i januar 2025. Her frå ei markering i september 2021.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Får basseng om to år
Etter eit langt oppspel, blant anna rettssak mot KLP Forsikring, går ny hall med svømmebasseng og bygdehus i Vats over i ein meir handfast fase.
Det er mange steg framover som skal gi best moglege løysingar, og ein akseptabel pris for nybygget etter at Vindafjordhallen brann ned i juli 2019.
I løpet av februar blir det valt ut totalentreprenørar som skal vere med i konkurransen. I perioden mars til første mai skal dei lage forslag med løysingar for romprogrammet og pristilbod for det nye anlegget.