Ivar Samland Tendal trivst godt som lærling ved Samland Maskinservice i Ølen med Fredrik Samland som læremeister.
Foto: Arne Frøkedal
Fann sin eigen nisje innan landbruket
Den omfattande jordbruksdrifta i distriktet skapar mange indirekte arbeidsplassar. Fredrik Samland (29) tilbyr ein type teneste som ikkje mange andre gjer.
Etnebuen bak Samland Maskinservice tilbyr bøndene reperasjon av maskinar. Stansar det opp under slåtten, stiller bedrifta med reparatør uansett kva tid på døgnet det er. Han starta opp for ganske nøyaktig tre år sidan og bedrifta har i dag tre tilsette, alle landbruksmekanikarar.
— Me har rikeleg med arbeid, og nå står ein hektisk sesong for døra. Difor riggar me nå til den tredje servicebilen, slik at me kan ha god beredskap og vaktplan utover våren og sommaren. Me må alltid vera tilgjengeleg nå når høgsesongen startar, seier 29-åringen.
Samland Maskinservice er den tredje bedrifta i Mulaga 6 i Ølen som er relatert til landbruket. Enkeltmannsføretaket er merkeuavhengig og utfører reperasjonar og service av landbruksmaskinar samt innafor bygg- og anlegg. I tillegg tar dei årskontrollar. Landbruksmekanikarane drar rundt med sine servicebilar og møter kunden ute, enten det er i Grannar-distriktet, Kvinherad eller i Hardanger, i tillegg til at dei utfører oppdrag for Norsk Maskinformidling.