Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Fangst av det sjeldne

Publisert Sist oppdatert

— Eg har fått breiflabb på rundt 20-30 kilo tidlegare, men denne fisken er enorm. Dette er ein sjeldan fangst. Eg vart heilt forundra då eg såg kva som var i garnet. Vekta ligg nok på rundt 70 kilo, fortel Magne Gunnar Nerheim etter at monsterfisken er trygt plassert på land måndag.

Fiskaren brukte over éin time på å få fisken over båtripa, og to sterke karar måtte til for å hengja ruggen opp etter at den var plassert på bryggja. Fisken hadde nok ikkje tenkt seg å enda opp som fiskemiddag, og beit godt frå seg då Nerheim skulle prøva å få den over båtripa.

— Han glefsa etter meg og slo med halen då eg skulle få den om bord. Den eine båtshaken vart knekt, fortel fiskaren og viser fisken sin kraftige tanngard full av sylskarpe tenner.

Powered by Labrador CMS