Siste veka i oktober blei det registrert 72.126 koronatestar ved koronateststasjonane i landet.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB / NPK
Færre testar seg
NPK-NTB: Siste veka i oktober vart det registrert 72.126 koronatestar ved koronateststasjonane. Det er rundt halvparten så mange som før gjenopninga, viser tal frå FHI.
Stadig færre oppsøkjer teststasjonar for å teste seg for korona, skriv P4.
At mange nyttar seg av heimetestar og sjølvtestar, som ikkje blir registrert i Folkehelseinstituttets statistikk, gjer at mørketala er ganske store, seier assisterande helsedirektør Espen Nakstad til P4.
Han håpar alle som merkar symptom på korona framleis testar seg, og meiner det kan vere positivt å gjere dette heime.
– Heime kan du ikkje smitte andre enn dei du faktisk bur saman med. Sjølv om statistikken då blir meir uklar, og vi må sjå på innleggingstal for å ha god oversikt.
Måndag var 168 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Ikkje sidan 30. april har det vore like mange innlagde koronapasientar her i landet. Då var talet 173.
1.335 nye smitta registrert siste døgn
Det siste døgnet er det registrert 1.335 koronasmitta i Noreg. Det er 442 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet på nye smitta på eitt døgn sidan 8. september då talet var 1.379.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.029 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 644.
Måndag var 168 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 47 fleire enn dagen før.
32 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 14 på respirator. Det er tre fleire på intensiv og tre fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.