Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lastebil med plastsøppel hamna i Sørelva på Mo. Foto: Arne Frøkedal
Mykje plastsøppel rann ut i elva då ein lastebil med plastsøppel hamna i Sørelva på Mo oktober 2013.

Etnevassdraget med i ryddeprosjekt

Publisert Sist oppdatert

Handelens Miljøfond set i desse dagar i gang eit pilotprosjekt der rydding av synleg marin forsøpling står på oppdragslista. Arbeidet er avgrensa til makroplast langs utvalde vassdrag i Vestland fylke. I første omgang er det dei fire vassdraga Storelv, Veitelva i Omvikedalen, deler av Midbygdavassdraget, deler av Apeltunvassdraget og deler av Etnevassdraget som skal ryddast gjennom pilotprosjektet.

Mål

Det er viktig å rydda makroplast medan den er stor og enkel å rydda, og før den endar opp i havet. PILOT Rene Vassdrag Vestland har som mål å testa ut utlysing og rydding av makroplast og marint avfall over 2,5 cm langs prioriterte elver og vassdrag i Vestland. All rydding skal utførast på ein måte som tek omsyn til natur og dyreliv, inkludert hekkande fugl i og utanfor naturreservat. Nytteverdien av pilotprosjektet er å få testa ut utlysingsprosess, og rydding langs deler av elver og vassdrag, heiter det i prosjektplanen. Ein får auka bevisstheit og synleggjering av plastforsøplinga og får kartlagt oppsamlingsplassar om forsøpla områder. Ein får høve til å grovsortera og angje kva type forsøpling og marint avfall ein ryddar. Ein får også auka fokus og bevisstheit på utfordringa av marin forureining i kommunar og lokalsamfunn, og større oversikt, kunnskap og meir data om forureining av marin forsøpling langs elver og vassdrag.

Powered by Labrador CMS