Klare for barnefestival. Framme f.v: Eva Karina Hjelmeland Moe, Solfrid Hetleflåt Bråthen, Adrian Bunes Bandlien, Marius Bunes Bandlien. Bak f.v: Per Kristian Grindheim, Astrid Eidhammer Hjelmeland, Monica Bunes, Vidar Lund og Stig Morten Sørheim. Foto: Grethe Hopland Ravn
Klare for barnefestival. Framme f.v: Eva Karina Hjelmeland Moe, Solfrid Hetleflåt Bråthen, Adrian Bunes Bandlien, Marius Bunes Bandlien. Bak f.v: Per Kristian Grindheim, Astrid Eidhammer Hjelmeland, Monica Bunes, Vidar Lund og Stig Morten Sørheim.

Englebarn og bøllefrø

Barnefestivalen Englebarn og Bøllefrø har satsa mykje på å nå ut til publikum. Programmet er spesialsydd for den yngre garde og med ungdommar som konferansierar og guidar er dei klare for opningsdagen.

Publisert Sist oppdatert

Konsertarrangøren Kulturlokomotivet i Etne blei i fjor haust rista liv i, etter fem år i dvale og gjengen som styrer toget har alle vore igjennom ein småbarnsfase og bidrege til ei auke i folketalet. Ettersom barna har vakse til, har Vidar Lund, Astrid Eidhammer Hjelmeland, Monica Bunes, Per Kristian Grindheim og Stig Morten Sørheim sakna ein festival som berre er til for barn, og det er bakgrunnen for Englebarn og Bøllefrø som går av stabelen på Skakkesenteret laurdag 18.april. Med seg på laget har dei også fått dei eldste barna sine til å bidra.

— Eg trur dette blir ein veldig kjekk festival, for det er mykje som skal skje. Eit innslag eg trur blir svært populært er Trond med hammaren, for han er det mange som har sett på barne-tv. I tillegg er det spennande å sjå kva han lagar, seier Eva Karina Hjelmeland Moe, som er sjuandeklassing og dottera til Astrid Eidhammer Hjelmeland.

Saman med veninna si, Solfrid Hetleflåt Bråthen skal ho vera konferansier gjennom heile festivaldagen og dette gler dei seg til, begge to.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS