Elle Melle kjem for å spele på Skakke i Etne laurdag
laurdagFOTO: Jonas Sandsgård
Elle Melle på besøk i Sandeid
Gitar, piano, fløyte og trekkspel er nokre av instrumentene som blei tatt i bruk då publikum fekk høyra fleire av dei mange kjente songane Elle Melle har laga opp igjennom åra. Publikum blei oppfordra til å synge med fleire gonger, og songtekstane var det ingen tvil om at dei kunne. Frokost på Kafé var blant songane publikum kunne godt.
— Det er kjekt å vera i Sandeid. Det er noko med at det har vore èin pandemi, renter går opp og ting koster penger, og då blir me blir frykteleg takknemlege for at de ønskjer å komme å bruke pengar for å høyre på oss idag, sa vokalist Svein Olav Hyttebakk i starten av konserten.
Bandet består av pianist og vokalist Odd Erik Ognedal, gitarist og vokalist Svein Olav Hyttebakk og Jon Konrad Strøm som spelar blant anna trekkspel og fløyte.