El-draumen som blei sett på vent
For fem år sidan investerte Nils Reimers frå Bjoa nærmare 4 millionar kroner i ein spesialbygd elektrisk rallycrossbil som skulle brukast og driftast av Holten Motorsport. Men så kom nedturen.
Kalenderen viser januar 2020. I garasjen til Holten Motorsport i Vikedal står dei to motorsportentusiastane Nils Reimers og Svein Bjarte Holten og ventar i spenning på verdas første rallycrossbil som tidlegare på dagen har kome med ferje til Stavanger. Den unike køyredoningen skal leverast på døra av Levente Kazinczky frå firmaet STARD i Austerrike, som har utvikla og bygd bilen på karosseriet til ein Ford Fiesta. Bilen, som er kjøpt av Reimers gjennom firmaet Ing. Nils Reimers, skal i hovudsak brukast og driftast av Holten Motorsport, med mangeårig norgesmeister i rallycross Daniel Holten bak rattet.
I februar same år får Daniel testa fartsvidunderet på motorbanen i Vikedal før faren Svein Bjarte Holten overtek rattet og køyrer sin første rallycrossrunde etter 14 års avbrekk. Både investor Reimers og rallycrosstemet i Vikedal er godt nøgd med bilen. Men så endrar ting seg.
Elektrisk satsing