Fotografert laks på veg opp i Etneelva.
Foto: Øystein Skaala/Havforskingsinstituttet
— Eksistensiell krise for villaksen
Nye fangsttal frå SSB viser alvoret for den norske villaksen. Opp mot 50 prosent av villaksen døyr av lakselus, og framtida til arten er i fare. Også i Etneelva er situasjonen kritisk.
Villaksen i norske elvar står i ein kritisk situasjon. I Etneelva er ikkje situasjonen like alvorleg som i mange andre elvar i regionen, men utfordringane er like fullt merkbare.
— Etneelva er ikkje den som er verst stilt. Me ligg absolutt på veldig låge tal når det kjem til laks som vender tilbake til elva frå havet, men Etneelva er ikkje så gale stilt at statsforvaltninga har gripe inn. Me er nok betre stilt enn mange, men det skuldast nok at me har kort veg frå elveosen til havet, seier Andras Aune, som er leiar i Etne elveeigarlag.
På spørsmål om kva tiltak som er sette i verk i Etneelva, peikar Aune på samarbeidet med Havforskingsinstituttet: