Dei har fått utdelt kvar sin kulepenn og kvar sitt vesle ark frå journalisten si notatblokk, og med tunga skeivt i munnen sit dei djupt og konsentrert over krusidullane dei dekorerer arka med. Dei pratar ivrig med kvarandre på arabisk, og viser pappa resultatet etter at teikningane er ferdige. Sidad Kamran (4) og Sina Kamran (6) er to av 37 barna som har fått husly i brakkebyen.
— Me kom til Ølensvåg på førre fredag etter ei lang reise frå Irak, seier pappa Kamran Abdulla (32), som kan fortelja at dei har reist via Tyrkia, Russland og til Storskog før dei kom med fly til Helganes, med Ølensvåg som mål for reisa i denne omgang.
No sit han i fellesrommet på brakke M saman med fleire menn og fleire barn. Kvinnene har ikkje vist seg i rommet etter at dei fekk besøk.