Eit lite og enkelt livreddande tiltak
Som ein del av den nasjonale komfyrvaktkampanjen delte Morten Svandal i Haugaland brann og redning iks ut ei gratis komfyrvakt som skal plasserast i heimen til ein vindafjording i ei brannrisikoutsett gruppe.
Komfyr stod for 93 brannutrykningar i Rogaland i 2020 og nesten halvparten av alle brannutrykningar her til lands skuldast komfyrbrannar. Eit viktig hjelpemiddel for å unngå slike brannar kan vera å installera ei komfyrvakt som kuttar straumen til platetoppen dersom den oppdagar brann. Komfyrvaktkampanjen er ein del av den nasjonale satsinga av brannførebyggjande tiltak retta mot risikoutsette grupper, og denne veka er det delt ut 250 komfyrvakter til nokon som treng det her til lands. Blant desse var ein heldig bebuar i Vindafjord.
— Me har ei komfyrvakt som me gir til kommunen, og som de kan finna brukar til, sa informasjonskoordinator Morten Svandal då han saman med to brannkonstablar i Haugland brann og redning tok turen til Vindafjordtunet for å overrekka gåva til omsorgssenteret.
Enkel førebygging