Jostein Grindheim er dagleg leiar i Etne Bilservice.
Foto: Grethe Hopland Ravn
10 Kjappe
— Ein makelaus gjeng
47-åringen er nok for mange kjent som det blide og positive fjeset hos Etne Bilservice, som han har vore dagleg leiar for sidan 2016. I bilbransjen har han vore sidan 1999, og parallelt med dette har Jostein vore engasjert brannmann i 18 år. Å få vera med på å gjera ein forskjell for folk er noko han set høgt, og jobben i seg sjølv er spennande.
— Eit stort pluss ved brannstasjonen er også gjengen som jobbar i lag. Det er ein gjeng med makelause folk, seier han.
Skal han på ståande fot gi to enkle brannverntips, må det vera å byta batteri i røykvarslaren minst ein gong i året, og sjekka brannsløkkingsutstyret ditt.