Håvard Rørtveit (H) frå Vindafjord og Johanne Rafdal Lauritsen (H) frå Etne meiner det er feil veg å gå dersom Vindafjord seier opp avtalen med Etne der dei to kommunane samarbeider om ei SLT-stillinga som skal hindre at unge kjem på skråplanet. Foto: Jon Edvardsen
Sandeidbuen Håvard Rørtveit (H) har saman med Johanne Rafdal Lauritsen (H) frå Etne, tidlegare vore på banen og åtvara mot å seia opp avtalen med Etne der dei to kommunane samarbeider om ei SLT-stillinga som skal hindre at unge kjem på skråplanet.

— Ein fordel å ha ein SLT-koordinator som jobbar på tvers av kommunegrensa

Ungdomspolitikarane Håvard Rørtveit (H) frå Vindafjord og Johanne Rafdal Lauritsen (H) frå Etne har felles front mot avvikling av stillinga som arbeider med rus og kriminalitet i dei to kommunane.

Publisert Sist oppdatert

Den lyser blått for SLT-koordinatoren for Etne og Vindafjord etter at rådmannen i Vindafjord vil seie opp avtalen med Etne og opprette ein liknande funksjon i Vindafjord, men i halv stilling.

På grunn av eitt års frist for å seie opp samarbeidet, er stillinga berga for neste år, men i 2021 skal det bli slutt, ifølgje langtidsbudsjettet rådmannen har lagt fram.

Det er ikkje første gongen ein rådmann i Vindafjord er ute etter stillinga, men på grunn av oppseiingsfristen har det aldri blitt gjennomført i praksis.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS